Butterfly fly away

11638039_656300071138745_460407375_n

Fridom. Kva er eigentleg det?

Det kan vere mangt, og ein kan alle ha sin måte å oppnå den kjensla på. Eg tok meg ein joggetur i stad, ut i den vakre norske naturen- ikkje heilt vanleg gjort av meg, faktisk… Folk flest veit at natur og friluftsliv ikkje er det eg er mest begeistra over her i livet, men der tok eg feil. Jammen lever det ein naturentusiast inni meg, óg.

 

Eg veit ikkje kva det er, men naturen fyllar meg med energi. Livsglede. Lukke. Gjer meg som ein sommarfugl som flyr frå stad til stad, i si eiga usprekklege boble. Heilt aleine, men likevel så fredeleg og vakker, der den flyr. Eg kjente på den kjensla i dag. Etter ein heil dag på fylkestrekk i AUF, kom eg heim klokka 21, og bestemte meg kort tid etter for å ta meg ein joggetur ut i det frie. Sola mitt i fleisen, «Fast Car» i proppane, og ein fleire km lang strekning som skulle leggjast bak meg. Tilbake heim tok med meg gratis livsglede, og lukke. Ekte, ekte lukke.

Untitled-1

Legg igjen en kommentar