Det beste med å blogge

jm1

Eg får alltid en bakoversveis, når eg tenker på at eg meir eller mindre har blogga i 4-5 år. Eg var en av dei hundre jentene i tidlig tennåra som valgte å lage blogg for å vise dagens outfit, legge ut web-camera bilder og fortelle om gårsdagens middag. Det som skiller meg frå dei andre, er at eg aldri har gitt slipp på denne lidenskapen siden 19.september 2011. For ja, det var då eg lagde min første blogg. (Litt crazy at eg hugser det fremdeles) Då eg lagde min første blogg føltes det ut som at eg blei invitert inn i ei ny verd. Blogging er for mange en hobby og for andre, kanskje en jobb, og for kvar dag som går blir det en større og større del av sosiale medier. I dette innlegget tenkte eg å meddele mine beste grunner til å lage en blogg.

jm1

Bedre karakterer

Eg kan med handa på hjerte sei at eg trur grunnen til at norsk-karakteren min har holdt seg stabilt høgt oppe, må vere bloggen. Dei seier at trening gjør mester, og det er virkelig noke eg har fått opplevd. På denne bloggen legger eg riktig nok ikkje vekt på rettskriving (skjelden at eg faktisk leser gjennom), i motsetning til mine andre blogger. Det har bidratt til at eg har blitt meir og meir interessert i skrivekunst, og at eg har god kontroll på begge skriftspråka! Det samme gjeld også fotografering. Herlighet, der har eg virkelig komt meg!! Nesten så eg skulle vist noken av mine første bilder tatt med speilrefleks. To stikkord: autoinstillinger, og null komposisjonskunnskaper.

mj3

Dokumentert liv

Når eg ser tilbake til dei små pausene eg hadde utan blogg, så ser eg et tomt hol i tidslinja, for eg hugser rett og slett ikkje kva eg brukte livet på. MEN, med en blogg der alt er dokumentert dag for dag, så har eg noko å sjå tilbake på både som gammal, men også når sommarferien er ferdig og eg skal oppsummere alt! Ikkje minst, så er det veldig spesielt å lese gjennom min daglige updates, for eksempel frå viktige datoar som 22. juli 2011. Bringer fram mange minner, kanskje til og med meir enn et bilde ville sagt meg.

mj2

Mestringsfølelse

Det er virkelig en glede i seg sjølv å dele et innlegg som eg er skikkelig fornøgd med, OG få mange positive tilbakemeldinger på! Hugser en gang eg skreiv en politisk sak som fekk fleire tusen delinger og maaange tilbakemeldinger. Fleire aviser tok også kontakt for å intervjue meg. DA dokke, DA var eg passelig stolt! Det treng ikkje alltid å vere politiske saker, i blant er det nok med berre noken litt finare bilder enn vanlig, eller en tekst/video eg har lagt litt ekstra arbeid i!


NO dokke, så skal eg faktisk lage en videoblogg! 😀 Åhh, eg har det virkelig SÅ godt framfor kamera- blogging i mitt hjarte.

Legg igjen en kommentar