Sjå opp frå navla di, Ola!

Skjermbilde 2015-06-28 kl. 01.07.19

Ei humanitær krise er i gang, og fleire enn nokon gong lever under nød og er på flukt. For oss som lever såpass langt vekke frå dei verste områda, er dette berre tal. Rein statistikk, som gjev oss ei nemning. Vi blir sjokkerte når vi høyrer antallet. Nokre av oss løftar kanskje til og med brynet, og tek ein ekstra pust. Det er faktisk snakk om 60 millionar menneskjer, og skalaen stig for kvar time. For kvart minutt. Sekund. Visste du at for kvart andre sekund, blir eit nytt menneskje drive på flukt?

Stortinget i Noreg har no vedteke at vi i løpet av dei neste tre åra, skal ta imot 8000 flyktningar frå Syria. Det krev at kommunane tek ansvaret sitt. Dessverre, er mange kommunar imot då dei tenkjer det blir for ”krevjande”.

Eg tenkte å dele meininga mi, rett frå hjarte, usensurert, svart på kvitt. Mitt syn. Mine ord.

Foto: Baraa al-Halabi / AFP Photo / NTB Scanpix
Foto: Baraa al-Halabi / AFP Photo / NTB Scanpix

Kjære du, Ola Nordmann, som sit heime i den gode og varme stova di, medan du høyrar born i gata som ler og leikar. Latter. Glede. Kjærleik.
Kjære du, som ser på meg som ein innvandrar, flyktning, og ei byrde for samfunnet, allereie før du har høyrt namnet mitt.
Kjære du, som ser på flyktningar som ei rase for seg sjølv, som insekt som du aller helst vil bli kvitt, fortast mogleg.

 

Men der du ser born som leikar, ser eg born som døyr. Der du ser på meg, eller familien min som en byrde for samfunnet, ser eg moglegheiter. Ressursar. Ei investering. Der du ser denne såkalla ”flyktning-rasa”, ser eg stort sett et ganske likt skjelett som ditt. Tru meg eller ei. Sannheita er at vi alle er laga av dei same byggjeklossane, med dei same kjenslane- Så sei meg kvifor eg fortener å leve under eit bombehelvette?

Foto: Reuters // A moment of truth in Damascus and Washington, by David Rohde
Foto Reuters // A moment of truth in Damascus and Washington, by David Rohde

Kjære du som meiner at ”vi ikkje har plass til fleire flyktningar i kommunane”- ville du sagt det same om dine næraste var i Syria, og var desperat etter hjelp? Ville du då sett på dei som byrdar for samfunnet, som du ville ha piska bort som innsikter?

 

Innvandring er godt for samfunnet vårt. Det er difor på høg tid med ein nasjonal dugnad, der vi kjapt finn ein heim til dei, i ei kommune dei kan føle seg velkomne i. Dess raskare dette skjer, dess raskare blir dei integrert og dermed, produktive ressursar for samfunnet, istandenfor «ein kostnad». Med tida vil desse vere med på å farge samfunnet vårt med inderleg rikdom, ny kultur og nye verdiar, som vil vere bra for dei komande generasjonane i ein såpass globalisert verd som vi lever i, i dag. Ved sidan av arbeidskraft, treng Noreg fellesskap og samhald.

 

Poenget mitt er: ved å leggje fordomane til sida, kan ein gje 8000 menneskjer eit nytt liv. Det er snakk om ei investering, for når blomane har spira får Noreg igjen ressurssterke  personar, som vi er heilt avhengig av! I eit av verdas rikaste land, er det ikkje lenger snakk om kapasitet- det er snakk om å sjå på kvarandre som bror og søstrer, og ta i bruk viljestyrken. Vil man, så kan man.

 

Kjære Ola Nordmann, eg veit du kan så mykje betre! Dette er din tur til å vise det gode du har inni deg, og hugs å gjere det før det er for seint, for eg klarar ikkje å sjå at latter blir erstatta med hjelpelaus sorg.


Toppbilde: Foto: UNRWA/AP/Scanpix

4 Comment

  1. Marie Vefring says: Svar

    Utrulig flott innlegg som tar opp eit ekstremt viktig tema! Bra!

    1. Tusen takk, gode Marie! 😀

  2. […] Hei og god søndag! Etter tradisjonen har denne dagen blitt brukt på å ikkje gjere noko fornuftig. Vilde overnatta ifrå i går til i dag, og no er søstrene Jurmy på en aldri så kort roadtrip, med jordbær og sjokolade og herlig musikk. Veldig hyggelig å sjå at såå mange likte mitt forrige innlegg, «Sjå opp frå navla di, Ola!». Setter pris på all respons og tilbakemeldinger. Det varmer virkelig hjerte å sjå at folk bryr seg. Viss du ikkje har lest innlegget endå, så kan du trykke her!  […]

  3. Mitra Assi says: Svar

    Kjære Massoma,
    flott skrift og rirk tekst med gode argumenter. Stolt av deg kjære. Lykke til videre.

Legg igjen en kommentar