Mitt første år på vidaregåande

2

Eg kan fortsatt hugse kor spent eg var i fjor sommar, for at eg skulle begynne på ny skule- heilt på blanke ark, nye folk og nye fag. I dette innlegget tenkte eg å fortelle korleis min opplevelse av det heile var, for ja: sjølv om mange gruer seg, så treng ikkje vidaregåande å vere like forferdelig som mange gir utrykk for.

 

Sosialt
Mange sin store frykt er å hamne i ei klasse der ein ikkje ”finn folk å vere med”, men for å vere heilt ærlig: eg trur ikkje det er mulig. Så lenge ein prøver å bli kjent med andre sjølv, så trur eg det skal gå fint for seg. Vidaregåande har lært meg skilnaden på ekte og ”u-ekte” venar, og eg trur heilt ærleg at eg har funne venar eg kjem til å ha ei god stund framover: om ikkje for alltid. I mitt tilfelle var det 28 delvis nye fjes i klassen, og eg har i løpet av eit år rekke å bli bestevenn med ca. ¼ av klassen! Poenget mitt er: sjølv om du ikkje kjem i klasse med dei du kjenner best, så trur eg at det vil ordne seg. Sjå på det som ei utfordring, og bli kjent med flest mogleg! Det med å vere utåtvent er kanskje lettare sagt enn gjort, men hugs at mange eigentleg ikkje veit korleis du er som person frå før. Her startar vi med blanke ark.

1
Arkivbilder: Kan ikkje tru det er eit år sidan!

Faglig:

Motivasjonsboost nr 2: VG1 er ikkje uoverkommelig hardt som mange let seg tru. Eg føler sjølv at eg har glidd smertefritt gjennom alt! Som eg har nemnt tidlegare, så venta eg heile tida på når ”det skulle bli hardt”, but honestly: det heile var ein leik. Grunnen kan enten ligge i meg sjølv og mitt arbeid, eller i skulen sin måte å legge opp prøveplanen på.

 

Eg trur nøkkelordet for kvifor det gjekk så bra med meg, er ein blanding av prioritering, og arbeid i forkant av leksjonane. Eg har generelt sett lest veldig lite til prøver, kasta bort utallege fritimar, jobba nesten kvar kveld i butikk til tider, hatt en del politiske verv, vore elevrådsleiar, hatt et sosialt liv, men likevel kome ut med gode karakterar. Nei, eg har ikkje klisterhjerne. Nei, eg har ikkje lest 24/7. Nei, studiespesialiserande (vg1) er ikkje berre ”enkelt” for meg, det kunne like godt vore du som var i mine sko. Berre lov å jobbe jamnt og trutt, og ikkje ta heile pensum på ein dag, så skal du sjå at alt ordnar seg til slutt.

2
Arkivbilder: Kan ikkje tru det er eit år sidan!

Når sant skal seiast, så kan eg i same sleng sende en stor takk til Hafstad vgs for å en genial løysing på prøveplanane. Eg har merka at mange sliter med at skulane legger opp hundre prøver på ei veke, så er livet chill dei neste 4 vekene. Vår skule derimot, har fordelt alt veeldig godt! Som sagt, er det ikkje alle skuler som er sånn, det er derfor eg tenker det er veldig viktig å holde seg á jour med prøveplanen, og klage fortast mulig om ein ser hindringar.

 

Sånn, det var min beskjed til alle som skremmer 99´ere xD Eg tenker forresten å lage et innlegg om mine beste studietips i august, om det fins interesse for det?! 😀

 

Legg igjen en kommentar