let´s throw a surprise party!

e

Denne gangen skal eg ikkje byrje innlegget med å fortelje om mine vanskar med å halde bloggen oppdatert kvar dag, men heller fortelje om noko litt meir interessant?!

Gårsdagen, er dagens tema. VEL, kvar skal eg starte. Etterfulgt av kakebaking midt på natta og tre timar med søvn stod eg og Vilde opp for å kjøre til b-venn og bursdagsborn, Camilla, klokka halv 7 (!!!!) for å overraske ho med ballonger, gave, kort med sitater og beskjeder hengandes ned taket- og ikkje minst: godt humør og kjærleik <3

i
Cards In the making

Forresten: er det berre meg eller så blir bursdagar mindre og mindre prioritert? Det synst eg er SÅ feil. I følge meg skal din bruke alle og en kvar moglegheit til å finne på kjekke ting saman, og en bursdag kan man rett og slett ikkje miste?! Det er så fint å tenkje på. Eg trur bursdagar berre har blitt en «ting»- ei nemning for ein dag, men det ligg jo eigentleg mykje meir inni det. Det er jo tross alt den dagen er god og kjær person, som truleg har forma livet ditt til det bedre, kom til verda- og det må jo feriast…?! Hadde det vore for meg så skulle eg komt på døra til alle bursdagsborn med ballonger og kake. Sånn dønn seriøst.

e
Meg, Vilde, Tonje klokka altfor tidleg. Haha omg, svarte bossekker under auga, jo!
h
Vi er litt søte, er vi ikkje? :)

For dei som ikkje veit det, så kan eg seie at eg er i London for augeblikket. Kom fram i dag kl 10/11 (ligg ein time etter dykk i Norge) og dagen har gått i eitt. No skal denne evige søvnmangelen (som eg har snakka om på alle sosiale medier, hehe) gjerast noko med, så snakkast vi i morgon (JA, det gjer vi faktisk. Skal forhåndspublisere innlegg) Good night!

Legg igjen en kommentar