London by night

e4

Sooo, hello sweethearts.

Heile denne engelske fasaden gjer meg så lukkeleg. I mean, eg ELSKAR verkeleg England. 85% på grunn av at alle snakker britisk og det er så dødsfint, 5% på grunn av shoppingen som eigentleg er ganske oppskrytt no når kursen er så høg, vidare går 5% til at det er SJUKT fine plasser her som eg vil ta bilder av, og dei resterande 5 går til at alle er fantastisk fint kledd- det er så min stil?! 

Dag tre har også blitt flittig brukt til shopping (bombe) i Oxford Street. Dagane her startar klokka 10 og blir vanlegvis avslutta kl 24. Det har ført til at eg har STORE poser under auga, og går på autopilot store deler av dagane. Derfor, bestemte vi oss for å ta en «elles rolig dag etter kl 19 på hotellet, også dra ut å spise noko godt»

Ein stk historisk sulten Elaheh på jakt etter mat:

e1

Vi trudde vi hadde lotto-flaks da vi fann en indisk restaurant like ved hotellet. «Ja hallo, der må vi inn, sikkert masse godt der. Dessutan må jo vi utforske litt til vi tar mamma og pappa med».

e2

Lang historie kort: Tikkamasalaen smakte søtare enn rein sukker, og det einaste som kom seg inn i munnen var colaen. «Var maten god» spørr servitøren da han ser to ganske fulle fat liggande igjen. «Ja, veldig god! Vi er berre litt fulle». Sa vi, og sprang til nabo-restauranten.

e3

Ny plass – ny mat. Denne gangen med bedre flaks heldigvis.

e4

Det eg trur eg kjem til å savne mest med London, må vere alle desse fine gatene fylt med musikk, 2 etasjers busser og ikkje minst, FOLK (holyy, Oxford Street kl 16 er håpløst!!) Eg får liksom følelsen av at eg lever?! Hehe.

Legg igjen en kommentar