Den store draumen

Redigert 2

1 av 5 viktige gjøremål før eg kan senke skuldrane og ta haustferie er endeleg fullført. Blei nettopp ferdig med ein norskinnlevering, som har hengt over skuldrane ei stund no. Eg visste at 4 realfag ville bli hardt, men det kjøret eg ser komme no hadde eg verkeleg ikkje forventa. Det blir bokstavelegtalt intervall-lesing frå no og to veker fram i tid.  Åhh, tanken på 9,5 km med jogging i morgon klokka 08.20 i gymmen gjør berre alt så mykje betre! :/ Altså, kooorleis klarer folk å finne glede i å jogge saman med 30 andre under tidspress? Eg er i alle fall open for å bli overtala til å tru dette er gøy.

 

Tulla. Livet er ikkje så grusamt som eg let dykk tru, det finst faktisk positive aspektar også. For eksempel så kan eg meddele at verdens beste søster kjem på besøk om 40 dagar. Hehe:P Ja:P Eg trur halve byen trur ho har stryket og har friår sidan ho er heime 3/4 av året + er medisinstudent, men positiv nyheit nr 2: det har ho altså ikkje. Den store drømmen må vere å gå i hennar fotspor og bli medisinstudent, men likevel kunne ta meg fri 7/12 mnd i året. Sidan vi allereie snakkar om ho, sleng eg ved nokre bileter frå Englandturen vår. Her var vi to stk lykkelege jenter som trengte eit pust i bakken, før siste shoppingrunde stod for tur. Tenk at vi satt å åt frukost i denne nydelege parken då!!

Redigert 2 Redigert 1 Redigert 6 Redigert 4 Redigert 5 Redigert 3

Legg igjen en kommentar