Vær så snill å sprekk bobla di!

1Bilde

Stortingsval? Kommunesamanslåing? Fjorddeponi? – Det tek dei på stortinget seg av!

Lille Aylan som ligg livlaus ved strandkanten da? – For vanskeleg å gjere noko med!

Kva med krig, mangel på mat, naturkatastrofar og mangel på rettar? – Rammar ikkje meg, litt for uverkeleg å forstå, men sjølvsagt: det er sikkert veldig synd for dei det gjeld!

… sa hundre tusen ungdom.

1Bilde

Vi har det for godt. Altfor godt. Vi lev i ei usprekkeleg boble fylt med vår eigen overflatiske kvardag og interesser.

Enn så lenge i alle fall, likar eg å tru. For denne bobla vil sprekke. Den held faktisk på å sprekke. Flyktningstraumen er eit eksempel. Den har tatt oss på senga, og vi har fått eit slag i ansiktet. Vi kan ikkje lenger lukke auga, og håpe på det beste. Her kjem mine to beste grunnar til kvifor du skal engasjere deg i eit politisk parti:

Ei dør til eit nytt liv, med mange nye moglegheiter

Eg tenkte på det for nokre dagar sidan. ”Korleis hadde livet mitt vore utan politikken?”. Da eg først melde meg inn i AUF for nokre år sidan hadde eg ingen forventningar, det einaste eg visste var at eg ville ha ei stemme i samfunnet. Med tida blei denne stemma høgare og høgare. Gjennom mi tid i politikken har eg heile tida vore rundt profesjonelle folk, som ikkje vil anna enn å dra meg opp og få fram det aller beste i meg. – Og eg veit at eg ikkje alltid har levert toppkarakter-prestasjon, men dei var ved mi side ifrå eg var eit frø og hjelpte meg å spire.

Enklare å påverke!

Saman står vi sterkare, og dei beste ideane kjem i fellesskap. Dersom du har ei sak du verkeleg brenn for, kan det vere lurt å ha eit politisk parti i ryggen både for å ha støttespelarar, men også for at du blir sett på som sterkare, meir interessant og truverdig. Mange tenkjer kanskje at dei ikkje har tid til å engasjere seg, men visste du at sjølv om du ikkje er aktiv, men lar namnet ditt stå på ei medlemsliste, så er du med på å påverke og bidra politisk? Ved å ha med nettopp ditt namn blir partiet styrka, noko dei kan bruke i kampen vidare mot å få gjennomslag når dei skal leggje fram ei sak.

I tillegg til dette, vil jo det å vere politisk engasjert hjelpe deg i å forstå korleis samfunnet utviklar seg, og kva problem vi står ovanfor. Vi lever ei verd der ein enten får servert alt på gullfat, eller ikkje får noko som helst. Nestekjærleik, deling og inokulering har kanskje aldri vore like viktig som i dag, og dette er verkeleg ikkje den tida for å lukke auga. Derfor håper eg at du tar ei nål, sprekk bobla og får fram engasjementet i deg slik at vi saman kan skape ei verd og samfunn som vi kan vere stolte over!

Bilde2

Legg igjen en kommentar