Yesterday @ work

12233223_1233100296716505_1711602729_n

FOR ein tragisk nyheit å komme heim til i går etter jobb, men kanskje meir tragisk: for ein grusom, forferdelig og uforståeleg nyheit å vakne opp til for alle dei som er ramma. Å vakne utan det kjæraste ein har: enten om det skulle vere ein mor, far, søster, bror eller venn, er ikkje noko eg unar min verste fiende ein gong. Eg fordømmer handlingane til terroristane, og tar avstand. Vanlegvis har eg lett for å hive meg rundt tastaturet og kome med all kritikk eg har i fingrane og på hjartet, men denne gangen har det vore ekstra vanskeleg. 1) Vanskeleg fordi eg veit kor feil ting blir tolka no til dags. 2) Vanskeleg fordi det har spreidd seg eit altfor stort unødvendig hat mot muslimar. 3) Vanskeleg fordi eg har altfor store meiningar som eg ikkje veit om folk vil takle å få kasta i fleisen. Dessutan er ikkje dette den rette tida for å fordele skuld: aller helst vil eg sende varme tankar og vise med min medkjensle til alle pårørande. #PrayForParis <3

IMG_9984 

Så tilbake til gårsdagens jobbvakt. Det var nattope, og frå kjent stil forventa vi mange folk, men det kom MAAANGE folk. Ser du skilnaden? 😀 Det var kjekt da, slik som det alltid (som oftast, hehe:PP) er.  Så kjekt at til vi klarte oss med årets kortaste pause… På golvet, sjølvsagt.

Skjermbilde 2015-11-14 kl. 22.28.37 

Bevis på at eg smilte og hadde det bra, sjølv etter hundre timar vaken.

IMG_9989

Bevis på at vi satt på golvet (visse folk iaf) og bevis på at vi har det mest rotete lageret of all times. Neida. Det er som oftast ryddig, lover!! (Bortsett frå alle gangane eg har tryna og nesten mista tre tenner og brekt 4 bein, midt på det golvet der:(( )
IMG_9997

Bevis på at eg har verdens beste working girls, og jobbar på verdas beste arbeidsplass. Anbefaler ALLE kids å søkje der så snart det er ledig stilling (som det aldri blir fordi vi aldri kjem til å ta utdanning og flytte vekk fordi vi elskar jobben så mykje<3) fordi VERO MODA & JACKnJONES er best?!?! Tipper alle kundane veit at vi har det bra når dei ser oss smile og le frå øyre til øyre kvar dag. For å ikkje snakke om dei gangane vi avsluttar dagen med hælane i taket:

12233223_1233100296716505_1711602729_n

 

Legg igjen en kommentar