Eg har sakna deg meir enn du anar

Bilde ifrå ein tur igår. Er ikkje meg på bilde da, per dags dato har eg 40cm kortare hår enn sist. Ja, litt sånn krisekort. Gleder meg til å vise.

Da var vi her igjen då. Enda ein gong. Faen ass, det er så rart men samtidig så godt. Eg har tenkt på det i ein evighet no, men dei siste dagane har eg verkeleg sakna bloggen. Eg blir litt redd. Skikkelig redd for å gjere dette. Slik var det ikkje før. Kanskje ikkje så rart, dei seier jo at ein modner med tida. Kanskje var det å bli redd min måte å modne på. Men faen ass, eg vil ikkje gå å fortelle den 12 år gamle Massoma som ein gong starta å blogge, at verda er skummel og at det er greit å la andre sine meiningar styre deg.

På same tid er eg overbevist om at det ikkje er andre sine tankar som styrer meg. Inst inne er det min frykt for at andre skal vite alt om meg utan at eg anar kven dei er. Det har skjedd. Og det skjer. Eg har blitt skummelt vand med det, tidlegare var det gøy. Det var nytt og spennande. No anar eg ikkje korleis eg ein gong kunne tenke slik, for det er ingenting som skremmer meg meir når eg går på gata seks år seinare. Tenk da, der sit du, i di boble og ikkje anar kva vedkomande har høyrt om deg. Litt av ein tanke.

Bilde ifrå ein tur igår. Er ikkje meg på bilde da, per dags dato har eg 40cm kortare hår enn sist. Ja, litt sånn krisekort. Gleder meg til å vise.
Bilde ifrå ein tur igår. Er ikkje meg på bilde da, per dags dato har eg 40cm kortare hår enn sist. Ja, litt sånn krisekort. Gleder meg til å vise.

Men så var det ein annan ting da, eg elskar jo å skrive. Eg elskar å blogge. Det er liksom så meg? Min greie. Ein greie ingen kan ta ifrå meg. Min måte å uttrykke meg på.  Kanskje ein type rus. Du veit, den gleda du kan få av å trene. Eller synge. Eller ta ein karusell. Sug i magen og tårer i auga. Det er liksom litt slik det er. Du veit, din greie. Din lidenskap. Det høyrast sikkert heilt idiotisk om du ikkje har opplevd ei slik kjensle. Men eg håpar du også gjer det, og den dagen, den dagen lovar eg at du vil forstå.

Eg håper du vil følge meg på reisa videre. Kan hende siste destinasjon blir allereie imorgon, men vi ser. 12 år gamle Massoma hadde forventa at eg dreiv med det eg likar best i livet- å skrive.

Kanskje eg skal høyre på ho.

Denne eine gongen.

Legg igjen en kommentar