Emosjonell tankebombe om framtida

20160717_164932

Eg er så sjukt emosjonell for tida. Føler eg føler for mykje om… alt?! Eg er eigentleg ein ganske komplisert person har eg skjønt, og tankene mine… hah, tusen gangar verre. Allerhelst skal kvar einaste tanke bli sett ifrå alle moglege dimensjonar, og alt skal bli vegd for og imot, gjerne ti tusen gangar. Resultatet? Alltid det same. Det er verkeleg aldri noko nytt som kjem ut.

 

Kanskje er det ikkje så rart med tanken på at livet mitt mest truleg vil bli sett på hode om knappe ni månadar. Nokon tredjeklassingar som føler med meg? Det har alltid vore ein evighet til eg skal vekk ifrå denne vesle byen,  så tanken har aldri modna hos meg på same måte som no. Men no, woaw. Det er søren meg ikkje lenge igjen, og eg veit ikkje heilt kor eg skal gjere av meg. Veit ikkje om eg skal le eller grine. Tør ikkje å glede meg, samtidig sit eg og tel ned månadar. Veker. Dagar. Sjekkar nedteljingsappen hundre gangar daglig, men faen ass, det er så lenge igjen.

20160717_164917
Eg veit verkeleg ikkje kva eg skal føle lengre. Eg er så himla klar for å kome meg vekk. Eg har levd eit trygt og godt liv altfor lenge no. Føler eg treng å stå på bar bakke, og få eit par slag i tryne. Trenger å modne meir. Trenger fleire utfordringar. Trenger å oppleve ting eg aldri har opplevd før.

 

Etter sommaren 2017 har eventyret mitt forhåpentligvis starta i studentbyen, Volda.  Endeleg, tenker eg berre. Tankane har eg hatt sidan 8.klasse. Skulle gjerne telt kor mange timar, dagar og veker eg har tenkt på det samanlagt. Igjen, vegd for og imot. Sett på alt ifrå alle moglege dimensjonar. Men det har jo hjelpt fint lite, for tida går ikkje fortare av den grunn.

 

Misforstå meg rett, eg har det himla bra i Førde. Livet er dritfett og meir chill enn nokon gong, men eg er så klar for noko nytt. Klar for å møte nye mennesker. Du veit, sånn sjuk gjeng der alle er forskjellige, men likevel passar saman. Liksom, ein gjeng der ein person har amputert foten, ein person har vore rusmisbrukar og ein annan sit å knæsjer lipgloss og brunkrem i tryne. Det er det eg vil oppleve. Eg vil høyre historier og erfaringar eg aldri har høyrt før, av folk eg aldri ville ha kome i kontakt med elles.

skjermbilde-2016-09-17-kl-18-45-58

Men på den andre sida da, korleis vil det bli å flytte ifrå alt? Eg har ingen garanti for at eg vil få det… fint og heller ingen garanti for at eg vil trives med utdanninga eg har valt. Korleis vil det bli å bu heilt aleine? Å ikkje ha nokon mamma og pappa å sjå på kjøkkenet kvar morgon? Eg trur ein feil vi ungdom gjer er å gløyme at medan vi veks, blir foreldra våre også eldre. Tida renn ut. Så altfor fort. Vi hastar med å finne oss sjølv, men eigentleg er hastverk lastverk.

 

Den tanken gjer meg redd for å glede meg for eg veit at så snart junimånad kjem, så kjem eg til å hate meg sjølv for at eg nokon gong kunne glede meg. Alt eg ønsker no er å skru tida fram, alt eg kjem til å ønske i juni er å skru tida bak. Kanskje eg berre skal ta ein dag om gongen, slik eg alltid har gjort. Nyte kvart augneblink. Framtida kjem uansett, men notida forsvinn.

 

Hadde det berre vore så lett å tenke sånn…

 

Legg igjen en kommentar